Idealisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Idealisme er fleire ulike lærer som trur på eller søkjer etter ideal, noko perfekt, som anten kan vera førebilde for røyndommen eller brukast til å forbetra verda. Ein finn ulike former for idealisme innan filosofi, kunst og samfunnsliv. I daglegtalen blir «idealisme» og «idealist» mest brukt om moralsk idealisme.

Former for idealisme[endre | endre wikiteksten]

Innan filosofi finst fire hovudformer for idealisme:

  • Metafysisk idealisme, ein motsats til materialisme. Hevder at abstrakte tilhøve er til uavhengig av ting som kan sansast, og er meir verkelege enn dei.
  • Sannkjenningsteoretisk idealisme, ein motsats til realisme. Hevder at røyndommen er avhengig av måten me oppfattar ting på. Han kan ikkje skiljast frå medvit og sannkjenning.
  • Moralsk idealisme, som seier at handling bør ha høgare grunnlag enn egoistiske eller sanselege motiv.

Representantar for idealisme[endre | endre wikiteksten]

Blant dei gamle greske filosofane er Platon best kjend som ein idealist som hevda at det fanst ei idéverd som var meir verkeleg enn den bleike etterlikninga me lever i. Anaxagoras med sitt omgrep «nous» om ein uavhengig hug som ordna verda er eit anna døme på antikk idealisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.