Idiot Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Idiot Wind
Song av Bob Dylan
frå albumet Blood on the Tracks
Utgjeve 17. januar 1975
Sjanger Rock
Lengd 7:48
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan

«Idiot Wind» er ein song av Bob Dylan frå albumet Blood on the Tracks frå 1975.

Songen vart truleg skriven sommaren 1974 etter comeback-turneen hans med The Band.[1] Etter forslag frå broren, spelte Dylan inn halvparten av songane frå Blood on the Tracks på nytt, inkludert «Idiot Wind». Den nyinnspelte utgåva vart radikalt forskjellig frå den originale utgåva med fullt band som akkompagnement. Originalutgåva hadde stort sett vore ei akustisk soloinnspeling. Innspelinga av desse songane fann stad etter den første trykkinga av Blood on the Tracks, og studiomusikarane som Dylan nytta vart derfor ikkje tilskriven på albumomslaget.

Idiot wind, blowing every time you move your mouth
Blowing down the backroads headin’ south
Idiot wind, blowing every time you move your teeth
You’re an idiot, babe
It’s a wonder that you still know how to breathe

Bob Dylan

Sjølv om Dylan hevdar at songteksten ikkje har noko samband med den dårlege situasjonen i ekteskapet med Sara Dylan, har sonen Jakob Dylan fortalt i intervju at «songane på albumet er foreldra mine som diskuterer».[2]

Ein rusten konsertutgåve er avslutningsspor på Hard Rain, over 10 minuttar lang.

Songen vart rangert på 16. plass i magasinet American Songwriter si liste over dei 30 største Bob Dylan-songane.[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Idiot Wind allmusic review». allmusic.com. http://www.allmusic.com/song/t1992087. Henta 25. august 2010. 
  2. Kearney, Syd (29. januar 2008). «angry love songs». chron.com. http://blogs.chron.com/thelist/2008/01/20_angry_love_songs.html. Henta 25. august 2010. 
  3. Schlansky, Evan (20. april 2009). «The 30 Greatest Bob Dylan Songs: #16, “Idiot Wind”». americansongwriter.com. http://www.americansongwriter.com/2009/04/the-30-greatest-bob-dylan-songs-16-idiot-wind/. Henta 25. august 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]