Blood on the Tracks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blood on the Tracks
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 17. januar 1975
Innspelt september og desember 1974
Sjanger Folkrock
Lengd 51:42
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Kritikk
Bob Dylan-kronologi
Before the Flood
(1974)
Blood on the Tracks The Basement Tapes
(1975)

Blood on the Tracks er det 15. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i januar 1975. Albumet var det første til Dylan på Columbia etter to album på Asylum Records.

Albuma til Dylan så langt på 70-talet hadde fått lunken kritikk, men dette albumet vart særs godt motteke av kritikarar og tilhengjarar. I åra som følgde etter utgjevinga kom det til å verte rekna som eit av dei beste albuma hans, og mange av albuma hans i ettertid har vorte omtalte som hans «beste sidan Blood on the Tracks[1][2][3][4] Det vert òg ofte rekna for å ha sett standarden for bekjennande songar-låtskrivar-album, og sjølv om Dylan har nekta for at songane er sjølvbiografiske har sonen Jakob Dylan sagt: «Songane er foreldra mine som snakkar»[5] Dei fleste tekstane på albumet omhandlar hjartesorg, anger og einsemd. I 2003 vart albumet rangert på 16. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Albumet nådde førsteplassen i USA, fjerdeplassen i Storbritannia og andreplassen i Noreg. Singelen «Tangled Up in Blue» nådde 31. plass i USA. Albumet er det mestseljande studioalbumet til Dylan nokon gong og selde til dobbel platina i USA.[6]

Merknader[endre | endre wikiteksten]

Songane på Blood on the Tracks vert av Dylan-biografar rekna for å ha vore inspirert av det personlege bråket hans på denne tida, særleg separasjonen frå kona Sara Dylan.[7] Dylan har derimot aldri stadfesta dette og i memoarane sine i 2004, Chronicles, Vol. 1, seier han at songane ikkje hadde noko med privatlivet hans å gjere og at dei var inspirerte av novellene til Anton Tsjekhov.[8]

Dei ti songane på albumet vart spelte inn i New York City og produsert av Phil Ramone. Då Columbia kom inn som plateselskap trekte Dylan seg i siste augneblink og mot slutten av året spelte han inn fem av songane på ny i Minneapolis med studiomusikarar frå området som broren David Zimmerman samla saman. Ein trur at årsaka til at desse songane vart spelte inn på ny, var at albumet hadde vorte for monoton med altfor mange songar i same dur og rytme.[9] Sjølv om dei opphavlege opptaka finst på mange piratopptak, er berre ein av dei fem originale innspelingane gjevne ut offisielt («You're a Big Girl Now» på Biograph i 1985).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Tangled Up in Blue»   5:42
2. «Simple Twist of Fate»   4:19
3. «You're a Big Girl Now»   4:36
4. «Idiot Wind»   7:48
5. «You're Gonna Make Me Lonesome When You Go»   2:55
Side to
# Tittel Lengd
6. «Meet Me in the Morning»   4:22
7. «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts»   8:51
8. «If You See Her, Say Hello»   4:49
9. «Shelter from the Storm»   5:02
10. «Buckets of Rain»   3:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bob Dylan – vokal, gitar, munnspel, orgel, mandolin
  • Billy Peterson – bass
  • Eric Weissberg – banjo, gitar
  • Tony Brown – bass
  • Charles Brown, III – gitar
  • Bill Berg – trommer
  • Buddy Cage – steelgitar
  • Barry Kornfeld – gitar
  • Richard Crooks – trommer
  • Paul Griffin – orgel, keyboard
  • Gregg Inhofer – keyboard
  • Thomas McFaul – Keyboard
  • Chris Weber – gitar, 12-strengsgitar
  • Kevin Odegard – gitar
  • Peter Ostroushko - mandolin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]