Iggesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 61°38′28.144″N 17°4′28.711″E Iggesund er ein svensk tettstad i Hudiksvalls kommun i Gävleborgs län i landskapet Hälsingland. I 2005 hadde tettstaden 3 398 innbyggjarar. Iggesund ligg cirka ti kilometer sør for Hudiksvall 45 km nord for Söderhamn og 70 km søraust for Ljusdal. I aust grensar tettstaden til Bottenhavet. Næraste større byer er Sundsvall (92 km) i nord og Gävle (126 km) i sørleg.

Infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Iggesund er delt av E4 og Ostkustbanan som går parallelt gjennom staden i nord/sør-retning. I retninga aust/vest vert Iggesund delt av veg 669 (Forsavägen) som strekkjer seg dei 12 kilometrane mellom Iggesund i aust og Sörforsa i vest.

Iggesund vert dagleg trafikkert av to busslinjer. Det er togsamband til Sundsvall, Hudiksvall, Söderhamn og Gävle via X-Tåget frå Iggesunds jernbanestasjon. I tilknyting til Iggesunds bruk er det ei stor hamn for import og eksport av kartong og trevarer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1672 blei Östanå pappersbruk oppretta, den første store verksemda i Iggesund, ved Viksjön, eit par kilometer vest for det noverande tettstaden. I 1685 starta industriepoken for alvor. Dette året grunnla ein jernverket Iggesunds Bruk, og Iggesund vart sakte forvandla frå ei jordbruksbygd til eit industrisamfunn. Dei følgjande åra ekspanderer Iggesunds bruk stadig meir, og i dag omtalar ein ofte, feilaktig, stadnamnet som synonym til fabrikken.

På 1980-talet blei Iggesunds Bruk kjøpt opp av Mo och Domsjö AB.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]