Gävle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gavleån renn gjennom staden
Kara over Gävle frå 1928.

Gävle (eldre staving Gefle) er ein by i Gästrikland og centralort i Gävle kommun. Staden er residensstad for Gävleborgs län. Gävle er den 13. største byen i Sverige med 68 700 innbyggarar (2005).[1]

Gävle ligg ved Gävlebukten, der Gavleån munnar ut i Bottenhavet (Østersjøen), cirka 15 km nordvest for Skutskär der Dalälven har sin munning. Cirka 20 km vest for Gävle og oppstrøms langs Gavleån ligg Sandviken. Mellom Gävle og Skutskär ligg Furuvik, kjend for dyre- og opplevingsparken Furuviksparken.

Gävle er ein gamal industristad som ein i dag mellom anna forbind med kafferosteriet Gevalia, som er stadnamnet på latin. Staden har «Välkommen ombord» som motto og flaggskipet ved havet er den nye stadsdelen Gävle Strand. Gävle har eigen sjøredningsstasjon som høyrer til SSRS - Svenska Sjöräddningssällskapet; RS Gävle. I dei seinare år har Gävle fått særs stor merksemd for sin julebukk som nestan kvart år eldherjast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gävle