Hälsingland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hälsingland

Hälsingland er eit landskap i søndre Norrland i Midt-Sverige som grensar til Gästrikland i sør, til Dalarna og Härjedalen i vest, og til Medelpad i nord. Grovt rekna utgjer landskapet nordre luten av Gävleborgs län. I dette landskapet finst det om lag 150 000 synlege fornminne.

Størsteparten av Hälsingland er prega av åsar, med den 671 meter høge Garpkölen som den høgste. Største innsjø er Dellensjöarna, viktigaste vassdraget er Ljusnan som kjem frå Härjedalen, renner gjennom heile Hälsingland, og munnar ut ved tettstaden Ljusne i Söderhamns kommune.

Folketalet i Hälsingland er 133 540 og arealet er 14 264 km², slik at det i gjennomsnitt bur 9,4 personar per kvadratkilometer i dette landskapet.

Hälsingland er det einaste landskapet i Sverige som gjer teneste som eufemisme for helvete. Ifylgje kjelder var dette praksis allereie tidleg på 1690-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hälsingland
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne geografiartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.