Igle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Igler


Blodigle
blodigla er den mest kjende iglearten i Noreg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Annelida
Klasse: Clitellata
Vitskapleg namn
Hirudinea

Igler (Hirudinea) er ein underklasse leddmakk med clitellum og sugeskål. Dei er utbreidd over heile verda, og kan finnast både i ferskvatn, på land i fuktige miljø og i havet. I likskap med dei nære slektningane sine fåbørstemakkane har dei eit magebelte (clitellum) og er hermafrodittiske. I Noreg er blodigla den mest kjende iglearten.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Igler er leddmakk, og følgjeleg segmenterte dyr utan lemmar. Gruppa er likevel særs atypisk for leddmakkane; m.a. har berre nokre få artar setae («børstar»), og då som regel i særs små tal langt framme på dyret. Kroppane deira består av 34 kroppssegment, som i motsetnad til hjå andre leddmakk ikkje er skilde med septa. Dei seks første kroppssegmenta er omdanna til sugekopp - eit døme på tagmatisering utanfor leddyra.

Muskelsystemet til iglene er meir komplekst enn hjå børstemakkane. Der dei fleste annelidar klarar seg med langsgåande og sirkulære musklar, nyttar igla heile fire slag musklar. I tillegg til dei tidlegare nemnde har dei dorsoventrale musklar som flatar ut kroppen og eit uformeleg fjerde muskellag mellom dei langsgåande og dei sirkulære musklane.

Som andre dyr i klassa Clitellata har igla eit magebelte clitellum. Dei utviklar likevel dette organet berre i paringstida, som vanlegvis er om våren. Clitellum hjå igler er tre kroppssegment lange, og inneheldt eit einskild par eggstokkar og fire eller fleire testes.