Leddormar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leddormar


Glycera sp.
Glycera sp.

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Annelida

Leddormar eller leddmakk (Annelida, frå annelus, 'lita ring') er ei rekke protostome dyr med ledda kropp. Rekka har namnet sitt av di dyra er bygd opp av ei rekkje einsarta ledd. Det finst om lag 15 000 beskrivne artar leddmakk, mellom dei meitemakken og iglene. Rekka femner dyr med ei lengd frå ein millimeter opp til tre meter.

Ein finn leddormar i dei fleste våte miljø, både på landjorda, i ferskvatn og ikkje minst i hava. Nokre leddormar er parasittar eller kan leva i mutualisme med andre artar.

Oppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Leddmakken er eit metamerisk dyr, det vil seie at han er bygd opp av ei rekkje heilt like segment. Kvart segment har sitt eige par med metanefridier (primitive nyrar) og ei eiga kroppshole som er skild frå førre og neste segment med eit såkalla septum - ei vevsvegg som stammar frå det såkalla mesoderme vevet. Leddmakk har eit lukka blodkarsystem med to hovudårer som går langs ryggen og buken langs heile kroppen.

Ulike typar leddormar[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre klassar leddmakk: Fleirbørstemakk (Polychaeta), Fåbørstemakk (Oligochaeta) og igler (Hirudinea). Dei to siste gruppene har eit magebelte som vert kalla Clitellum og som vert brukt ved formeiring.

  • Klasse: Polychaeta
    • Orden: Aeolosomatida
    • Orden: Psammodrilida
    • Orden: Scolecida (t.d. fjøremakk)
    • Orden: Nerillida
    • Orden: Spintherida
    • Orden: Phyllodocida (t.d. Nereis)
    • Orden: Eunicida
    • Orden: Amphinomida
    • Orden: Protodrilida
    • Orden: Sabellida
    • Orden: Terebellida
    • Orden: Spionida (t.d. Pygospio elegans)
  • Overklasse: Clitellata
    • Klasse: Oligochaeta
      • Orden: Lumbriculida
      • Orden: Opisthopora (t.d. meitemakk)
      • Orden: Haplotaxida
      • Orden: Enchytraeida
      • Orden: Tubificida
    • Klasse: Hirudinea (igler)
      • Underklasse: Branchiobdellidea
        • Orden: Branchiobdellida
      • Underklasse: Acanthobdellidea
        • Orden: Acanthobdellida
      • Underklasse: Euhirudinea
        • Orden: Rhynchobdellida
        • Orden: Arhynchobdellida

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Miller, A.S & Harley, J.P: Zoology, McGraw-Hill 2007

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leddormar