Ignaz Semmelweis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ignaz Semmelweis (Jenő Doby, 1860) | |
| Fødd | 1. juli 1818 |
| Død | 13. august 1865 |
Ignaz Philipp Semmelweis (opphavleg Ignác Fülöp Semmelweis (ungarsk) (fødd 1. juli 1818 i Buda, død 13. august 1865 i Döbling ved Wien) var ein ungarsk-austerriksk lege. Han synte samanhangen mellom legar og jordmødrer sin mangel på handhygiene og utbreiinga av barselfeber.
I Noreg er han særleg kjend etter Jens Bjørneboe sitt skodespel «Semmelweis» frå 1968.