Iltsjo Naumoski
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Iltsjo Naumoski | |
| Fødselsdato | 29. juli 1983 | |
| Fødestad | Prilep i Jugoslavia | |
| Høgd | 191 cm | |
| Posisjon | Spiss | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Mattersburg | |
| Draktnummer | 24 | |
| Ungdomsklubb | ||
| 1993-95 1995-2000 2000-01 |
||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2001-02 2002-04 2004 2005 2005- |
- 22 (8) 3 (0) 0 (0) 139 (39) |
|
| Landslag** | ||
| 2003- | 35 (7) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Iltsjo Naumoski, makedonsk Илчо Наумоски (fødd 29. juli 1983 i Prilep i Makedonia) er ein makedonsk fotballspelar. Han spelar for Mattersburg i den austerrikske toppdivisjonen, og for det makedonske fotballandslaget.
Naumoski vart fødd i Makedonia, men begynte å spela fotball som tiåring i Korneuburg i Austerrike. I 2002 vart han toppskårar i regionalliga aust hjå ASK Klingenbach. Etter dette gjekk han til Grazer AK. Etter to relativt vellukka år der, og ein konflikt med trenaren, gjekk han i 2004 til den tyrkiske toppserieklubben Malatyaspor, der han berre spelte i tre månader. Etter tre kampar i Tyrkia gjekk han i januar 2005 vidare til Catania i italiensk Serie B, men fekk ingen kampar der. Frå starten av 2005/06-sesongen har han spelt for Mattersburg i Austerrike.
Naumoski var med på å vinna både cupen og serien med Grazer AK i 2004. I både 2006 og 2007 var han med på å nå den austerrikske cupfinalen med Mattersburg.
Frå 2003 har Naumoski òg spelt for det makedonske landslaget.
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 20. april 2010.