Indian summer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein indisk sommardag

Indian summer (indiansk sommar) er eit uttrykk som vert nytta om ein (uvanleg) varm, sommarliknande periode om hausten, ikkje lenge før vinteren. På den nordlege halvkula kallar ein det indian summer når han oppstår seint i oktober eller tidleg november (seint i april eller tidleg i mai på den sørlege halvkula), og i den gamle engelske almanakken vart det óg sett krav til at om ein skulle kalla det indian summer så skulle ein først ha hatt ein periode med frost. Indian summer kan vare eit par dagar eller fleire veker.

Andre namn på fenomenet i Europa er altweibersommar, allehelgensommar og St. Martins sommar, medan ein i Sverige kallar det brittsommar (etter St. Brigittas dag, 7. oktober). I Noreg vert det òg kalla husmannssommar fordi han vart nytta av husmannen til eige innhaustingsarbeid.