Haust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Haust er ei årstid som dannar overgangen mellom sommar og vinter. Namnet har ho fått på grunn av at innhaustinga av frukt, grønsaker og korn som tradisjonelt skulle lagrast til vinteren, starta i september.

Hausten vert gjerne rekna som ei tid før haustjamdøgn til noko før vintersolkverv. Minkande solvarme fører til at temperaturane fell raskt over kontinenta, medan avkjølinga går seinare til havs. Lufta er relativt fuktig og det dannast lett tåke eller stratus over land. Lågtrykksaktiviten aukar, særleg ved hav- og kystområda, med mykje vind og nedbør. Oppbygginga av dei høgtrykk gjev rolegare vêr med mindre nedbør over kontinenta.

På midlare breiddegrader vert som regel den meteorologiske hausten samstundes med september, oktober og novemberden nordlege halvkula og mars, april og maiden sørlege halvkula. I Antarktis er hausten stort sett avgrensa til februar, medan september og oktober er typiske haustmånader i Arktis.

Astronomisk haust varer på den nordlege halvkula frå om lag 7. august til om lag 16. november. Klimatisk er hausten definert til den perioden av året då den normale døgnmiddeltemperaturen er mellom 0 og 10 °C og temperaturtrenden er fallande. Etter denne definisjonen varer hausten 60 døgn i Oslo og 66 døgn i Tromsø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Nikolai Astrup-Vårkveld ved Jølstervannet.jpg Moonfeld toscana.jpg BudakesziHoldvilágvölgyErdeiÚt.JPG Windbuchencom.jpg Bombay flooded street.jpg Topi masai mara.jpg
Årstidene