Induksjonsstøyt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Induksjonsstøyt er eit straumstøyt, som oppstår ved ei brå ending av det magnetiske feltet gjennom ein straumkrins, til dømes når primærstraumen i ein transformator eller straumen til magnetiseringsviklinga i ein elektrisk maskin vert broten. Den induserte spenninga kan då bli mange gonger større enn dei ein får ved den vanlege, periodiske variasjonen av primærstraumen eller viklingsstraumen. I sekundærkrinsen kan det derfor dannast gneistar som kan skape store skadar. Slike gneistar kan ein sikre seg mot ved til dømes spesielle kortslutningsbrytarar, gneistegap og spenningsavhengige motstandar. Induksjonsstøyt vert utnytta praktisk i gneisteinduktorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«induksjonsstøt» i Store norske leksikon, snl.no.