Ingrid Bjerkås
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Bjerkås (8. mai 1901–30. november 1980) var første kvinnelege prest i Den norske kyrkja (men ikkje i Noreg som det ofte vert sagt, då Metodistkyrkja i Noreg var tidlegare ute).
Bjerkås vart cand. theol ved Universitetet i Oslo i 1958. Ho tok praktisk-teologisk eksamen i 1960. Ho vart ordinert av Hamar-biskopen Kristian Schjelderup i Vang kyrkje 19. mars 1961.
Bjerkås var sokneprest til Berg og Torsken på Senja frå 14. april 1961 til 1965. Etter det var ho prest ved Martina Hansens hospital i Bærum.
Ingrid Bjerkås sat på Grini fangeleir frå 17. desember 1943 til 31. januar 1944.
I 1966 gav ho ut sjølvbiografien Mitt kall. Same året fekk ho Petter Dass-medaljen.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ingrid Bjerkås» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2011.