Ingrid Waagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingrid Waagen
Fødd13. desember 1991 (32 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Tingvoll (2019–)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–) Sjå dette på Wikidata

Ingrid Waagen (fødd 13. desember 1991[1]) er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho er frå Torjulvågen i Tingvoll. I 2019 vart ho ordførar i Tingvoll kommune.

Waagen vart vald inn i kommunestyret i Tingvoll ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015 og sat samtidig i formannskap og ungdomsråd. Ved kommune- og fylkestingsvalet 2019 var ho ordførar- og førstekandidat for Senterpartiet i Tingvoll. Senterpartiet vart største parti i kommunen med ei oppslutning på 33,1 %, og Waagen vart vald til ordførar 3. oktober 2019.[2]. Ho er ein av dei yngste ordførarane i landet, og ein av 6 ordførarar under 30 år frå Senterpartiet I stortingsvalet i 2021 var ho 4. kandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal valkrets.[3]

Ho er utdanna sosionom ved Høgskulen i Volda frå 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingrid Waagen – 2 roller i norsk næringsliv». Henta 12. september 2021. 
  2. «Ingrid Waagen ordfører i Tingvoll - Tingvoll kommune». Henta 12. september 2021. 
  3. Ringheim, Gunnar (3. november 2019). «Vedums unge ordfører-stjerner» (på norsk). Henta 12. september 2021.