Møre og Romsdal fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Møre og Romsdal fylke
Våpen Kart
Adm.senter Molde
Areal 000000000015099.670000000015 099,67 km²
Folkemengd 263 719 (1. januar 2015)
Nettstad www.mrfylke.no
Politikk
Fylkesordførar Jon Aasen, Ap (2011)
Fylkesmann Lodve Solholm
Målform Nynorsk
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Møre og Romsdal fylke.svg
Møre og Romsdal fylke på Commons

Møre og Romsdal fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som grensar i aust og nordaust til Sør-Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke, i sør til Sogn og Fjordane fylke og i nordvest ut mot norskehavet.

Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.

Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.

Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.

Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.

Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmansdistrikt.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1502 Molde kommune Molde Molde 000000000026392.000000000026 392 363 Nøytral Romsdal
1504 Ålesund kommune Ålesund Ålesund 000000000046316.000000000046 316 98 Nøytral Sunnmøre
1505 Kristiansund kommune Kristiansund Kristiansund 000000000024507.000000000024 507 87 Nøytral Nordmøre
1511 Vanylven kommune Vanylven Fiskåbygd 000000000003258.00000000003 258 385 Nynorsk Sunnmøre
1514 Sande kommune Sande Larsnes 000000000002635.00000000002 635 93 Nynorsk Sunnmøre
1515 Herøy kommune Herøy Fosnavåg 000000000008934.00000000008 934 120 Nynorsk Sunnmøre
1516 Ulstein kommune Ulstein Ulsteinvik 000000000008292.00000000008 292 97 Nynorsk Sunnmøre
1517 Hareid kommune Hareid Hareid 000000000005065.00000000005 065 82 Nynorsk Sunnmøre
1519 Volda kommune Volda Volda 000000000008977.00000000008 977 547 Nynorsk Sunnmøre
1520 Ørsta kommune Ørsta Ørsta 000000000010589.000000000010 589 805 Nynorsk Sunnmøre
1523 Ørskog kommune Ørskog Sjøholt 000000000002294.00000000002 294 132 Nynorsk Sunnmøre
1524 Norddal kommune Norddal Valldal 000000000001676.00000000001 676 944 Nynorsk Sunnmøre
1525 Stranda kommune Stranda Stranda 000000000004605.00000000004 605 866 Nynorsk Sunnmøre
1526 Stordal kommune Stordal Stordal 000000000001043.00000000001 043 247 Nynorsk Sunnmøre
1528 Sykkylven kommune Sykkylven Sykkylven 000000000007707.00000000007 707 338 Nynorsk Sunnmøre
1529 Skodje kommune Skodje Skodje 000000000004465.00000000004 465 120 Nynorsk Sunnmøre
1531 Sula kommune Sula Langevåg 000000000008855.00000000008 855 59 Nynorsk Sunnmøre
1532 Giske kommune Giske Valderøya 000000000007924.00000000007 924 40 Nynorsk Sunnmøre
1534 Haram kommune Haram Brattvåg 000000000009120.00000000009 120 261 Nynorsk Sunnmøre
1535 Vestnes kommune Vestnes Vestnes 000000000006708.00000000006 708 352 Nynorsk Romsdal
1539 Rauma kommune Rauma Åndalsnes 000000000007445.00000000007 445 000000000001502.00000000001 502 Nøytral Romsdal
1543 Nesset kommune Nesset Eidsvåg 000000000002975.00000000002 975 000000000001046.00000000001 046 Nynorsk Romsdal
1545 Midsund kommune Midsund Midsund 000000000002068.00000000002 068 95 Nynorsk Romsdal
1546 Sandøy kommune Sandøy Steinshamn 000000000001262.00000000001 262 20 Nynorsk Romsdal
1547 Aukra kommune Aukra Aukra 000000000003466.00000000003 466 59 Nynorsk Romsdal
1548 Fræna kommune Fræna Elnesvågen 000000000009787.00000000009 787 369 Nøytral Romsdal
1551 Eide kommune Eide Eide 000000000003463.00000000003 463 152 Bokmål Nordmøre
1554 Averøy kommune Averøy Bruhagen 000000000005794.00000000005 794 176 Nøytral Nordmøre
1557 Gjemnes kommune Gjemnes Batnfjordsøra 000000000002580.00000000002 580 382 Nøytral Nordmøre
1560 Tingvoll kommune Tingvoll Tingvoll 000000000003090.00000000003 090 337 Nøytral Nordmøre
1563 Sunndal kommune Sunndal Sunndalsøra 000000000007155.00000000007 155 000000000001713.00000000001 713 Nøytral Nordmøre
1566 Surnadal kommune Surnadal Skei 000000000005976.00000000005 976 000000000001365.00000000001 365 Nynorsk Nordmøre
1567 Rindal kommune Rindal Rindal 000000000002038.00000000002 038 632 Nøytral Nordmøre
1571 Halsa kommune Halsa Liabø 000000000001563.00000000001 563 301 Nøytral Nordmøre
1573 Smøla kommune Smøla Hopen 000000000002146.00000000002 146 282 Nøytral Nordmøre
1576 Aure kommune Aure Aure sentrum 000000000003549.00000000003 549 644 Nøytral Nordmøre
Totalt Møre og Romsdal våpen.svg Møre og
      Romsdal
Molde 000000000263719.0000000000263 719 000000000015144.000000000015 144 Nynorsk Møre og
Romsdal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]