Ingve
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingve er eit mannsnamn som kjem frå norrønt Yngvi, i norrøn gudelære eit anna namn for guden Frøy. Ei vanlegare form av det same namnet er Yngve.
Ingve har namnedag 11. februar.
Innhaldsliste |
Bruken av namnet i Noreg [endre]
Namnet Ingve kom i bruk i Noreg midt på 1800-talet, først som kvinnenamn,Digitalarkivet mot slutten av 1800-talet berre som mannsnamn.
- Ved folketeljinga i 1801 var namnet ikkje registrert brukt.
- Ved folketeljinga i 1900 var 4 registrerte med namnet
- I 2008 er det 363 menn som har Ingve til første fornamn
Kjende namneberarar [endre]
- Ingve Iversen (f 1972), norsk politikar
Sjå òg: [endre]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ingve hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder [endre]
- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4