Norrøn gudelære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den yngre Edda er ein viktig kjelde til det me veit om norrøn gudelære.

Norrøn gudelære er læra og historiene om kreftene, gudane og verdsbiletet ein trudde på i Norden i norrøn tid, det vil seia mellom folkevandringstida og kristninga av landet.

Ettersom ein hadde lite skriftleg litteratur i det norrøne samfunnet, har me no berre brotstykke som kan gje oss eit bilete av kva vikingane trudde på. Bortsett frå vanskeleg tolkbare bilete av guddomar, ymse former for dekor og stutte runeinnskrifter som er å sjå på smykke og andre gjenstander frå arkeologiske funn, mellom anna slike miniatyrbilete som har fått nemninga gullgubber og gullbrakteater, og det som runesteinar og biletsteinar kan syne fram, finnst det ikkje nordiske kjelder frå førkristen tid som skildrar dette. Hovudkjeldene er mellomalderforfattaren Snorre Sturlasons oversyn over gudelæra i Den yngre Edda, ei samling av eldre dikt av ukjende forfattarar som har fått namnet Den eldre Edda, og dessutan somt av det ein finn i islandske sagaer, mellom anna i Snorre Sturlasons samling av sagaer om dei norske kongane, Heimskringla, til dømes i den innleiande Ynglingesagaen.

Problemet med både skriftene til Snorre Sturlason, eddadikta og sagaene er at dei er nedskrivne lenge etter at både Island og Noreg vart kristna, og at Snorre Sturluson og dei andre forfattarane sjølv har vore kristne, og difor kan ha gjort om på eller mistolka gudelæra på grunn av dette. Dessutan er ingen av dei anonyme dikt- og sagaforfattaranes skrifter, eller Snorre Sturlusons skrifter, teke vare på i original, berre som langt seinare avskrifter som til dels kan vere særs ulike kvarandre på mange punkt og ha diskutable passasjar som det ikkje er lett å skjøne meininga i. Dikta i Den eldre Edda, som òg berre finst i skrifter frå den kristne mellomalderen, er difor likeeins mykje prega av det kristne synet på korleis verda er innretta. Dei eldre ivaretekne gudedikta er òg problematiske ved at dei reknar med mykje bakgrunnskunne frå tilhøyraren. Det er altså mykje me ikkje veit eller skjønar i mytologien frå heiden tid, men nokre hovudpunkt har me funne ut av.

Det norrøne verdsbiletet[endre | endre wikiteksten]

Den norrøne verda var delt inn i Åsgard, som var heimen til gudane og låg midt i verda, Midgard, der menneska budde midt imellom, og Utgard eller Jotunheimen, der jotnane budde. Midt i verda stod aska Yggdrasil, verdstreet.

Korleis verda vart til[endre | endre wikiteksten]

Det einaste som fanst i verda i byrjinga var kulde og varme. Det kalde Niflheim låg i nord og det kokande Muspelheim i sør. Det tomme svelget Ginnungagap låg imellom. Etterkvart fekk varmen frå Muspelheim noko av isen til å smelta, og av dette kom to vesen, kjempa Yme og kua Audhumla.

Yme blei opphavet til alle jotnane medan Audhumla sleikte fram Bure, far til alle æsene, frå ein stein. Ein av æsene var Odin, som saman med brørne sine Vilje og Ve prøvde å utrydda Yme og slekta hans. Dei klarte å drepa kjempa, og laga vår verd av kroppen hans, men nokre av jotnane kom seg unna. Odin og brørne hans skapa sidan dei første menneska, Ask og Embla, frå to stokkar driv-ved.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Hoftun, Oddgeir. 2008. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
  • Hoftun, Oddgeir. 2002. Stavkirkene – og det norske middealdersamfunnet; tekst: Oddgeir Hoftun; foto: Gérard Fransceschi; komposisjion [komposisjon]: Asger Jorn, København Valby: Borgens Forlag. ISBN 87-21-01977-0
  • Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1281-1
  • Holtsmark, Anne. 1989. Norrøn mytologi : tru og myter i vikingtida, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-3344-4
  • Steinsland, Gro. 2005. Norrøn religion : myter, riter, samfunn, Oslo: Pax Forlag. ISBN 978-82-530-2607-7