Frøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Frøy (norrønt Freyr) er ein grødegud eller fruktbarheitsgud frå den norrøne gudelæra. Han er òg kjend under namnet Ingve eller Ingve-Frøy. Saman med Odin og Tor var Frøy ein av hovudgudane i den norrøne gudeverda. Lekken mellom Ingve og Frøy skriv seg frå ein tidleg samanslåing mellom grødeguden Frøy og den gamalgermanske stammeguden Ingwaz, som er ættefar til dei sørskandinaviske folka, daner, svear, anglar og juter.

Frøy var opphavleg ein av vanene, og han vart gjeven til æsene som gissel etter krigen mellom æser og vaner, saman med syster si, Frøya, og far deira, Njord. Snorre Sturlason fortel i Ynglingesoga at det var syster til Njord som var mor til Frøy og Frøya.

Historier[endre | endre wikiteksten]

Edda-kvadet Skírnismál fortel om Frøy si forelsking i og ekteskap med den motviljuge jotunkvinna Gerd. Gerd og Frøy fekk saman sonen Fjolne.

I Heimskringla av Snorre Sturlason, eller dei norske kongesogene, vert Ingve-Frøy skildra som stamfar til Ynglingeætta. Ynglingeætta var ei norsk kongsætt.

Ved Ragnarok vil Frøy vera ein av dei fyrste som fell, i kamp med jotunen Surt.

Eigedelar[endre | endre wikiteksten]

Frøy hadde eit sverd som kunne hogga av seg sjølv. Dette gav han til Skirne da han henta kona til Frøy, jotunen Gerd. Frøy saknar sverdet mange gonger, spesielt under Ragnarok, når han blir drepen fordi han ikkje har sverdet.

Han eigde eit skip med namnet Skidbladne eller Skibladner (Skíðblaðnir). Skipet vart bygd av dvergane Ivaldesønene. Skipet kunne segla like godt på land som på vatn, og med ein gong det var sett på vatnet fekk det medvind. Skipet kunne òg brettast saman slik at det fekk plass i ei lomme.

Guden hadde to dyr, grisegalten Slidrugtanne (Slídhrugtanni) eller Gyllenbørste (Gullinborsti), og hesten Blodughofi («med blodig hov»).

Frøy hadde to tenarar, Byggvir og Bejla. Tenarane vert knytt til kornhausting.

Namnet Frøy[endre | endre wikiteksten]

Namnet Frøy tyder herre. Namnet vert i Noreg nytta som førenamn, både som kvinnenamn og mannsnamn, og som del av andre namn, både stadnamn (og dermed etternamn) som Frøyland, og førenamn, som Frøydis.