Akersgata
Akersgata er ei gate i Oslo, den går frå Akershus festning til Hammersborg, der den deler seg og går over i Akersveien og Ullevålsveien. Akersgata er omlag 900 meter lang og følgjer Akerryggen, høgdedraget som byrjar på Akersneset og går vidare nordover langs Hammersborg og til Gamle Aker kyrkje.
I Akersgata ligg mykje Regjeringskvartalet mellom anna med Finansdepartementets bygg i nr 40. Stortingsbygninga ligg i krysset mellom Karl Johans gate og Akersgata.
Fleire bygg langs Akersgata vart skada ved bombeåtaket på regjeringskvartalet 22. juli 2011.
Akersgata var tidlegare avisgata i Oslo og dei fleste store avisene helt til der. Men etter at Aftenposten i 2003 flytta til Posthuset og Dagbladet i 2008 flytta til Hamnelageret er det berre Verdens Gang att i Akersgata.
Andre viktige bygg langs Akersgata: