Institutt for samanliknande politikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Institutt for samanliknande politikk, Christiesgt. 15.

Institutt for samanliknande politikk har eksistert som eiga eining med dette namnet sidan 1. januar 1980 ved Universitetet i Bergen.

Sosiologisk institutt skifte i 1977 namn til Institutt for sosiologi og statsvitskaplege fag. I nokre år femnde instituttet om avdelingar for sosiologi, offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap attåt samanliknande politikk. Frå 1980 vart avdelingane skilde ut som eigne, sjølvstendige institutt.

Mannen som er kjend som grunnleggjaren av instituttet, Stein Rokkan, var alt i 1966 utnemnt som professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]