Investitur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Haakon VII sitt investitur som riddar av Hosebandsordenen. Måleri av Sydney Prior Hall
John Roberts underteiknar dokument under sitt investitur som domar i USAs høgsterett i 2005

Investitur (frå latin, bokstaveleg ikleding) er ei nemning på den høgtidelege innsettinga av ein person i eit kyrkjeleg eller verdsleg, gjerne fyrsteleg, embete eller eigedom blir overdratt i form av len frå ein lensherre til ein vasall. Nemninga investitur stammar frå skikken med å ikle han som blir innsett i eit embete ei spesiell kappe, som teikn på det embetet eller den vørdnaden vedkomande tiltrer. Den høgtidelege innsettinga har gjerne form av ein seremoni med symbolske innslag, der han som blir innsett kan overlatast insignium, autoritets og verdighetsteikn knytt til den posisjonen vedkomande får. Seremonien kan òg innehalde ulike former for eidsavleggingar.

I opphavleg mellomaldersk forstand vart nemninga nytta i føydal samanheng om innsetting av ein vasall i eit len og i kyrkjeleg samanheng om innsettinga av ein biskop i embetet hans. I vidare og moderne forstand kan investitur nyttast om innsettingsseremoniar av ulikt slag, som opptak i eit brorskap, offisiell utnemning til ein orden og liknande. Investitur blir i dag òg nytta som nemning på innsettingsvedtak ei nasjonalforsamling gjer før ei regjering tiltrer.

Føydalisme[endre | endre wikiteksten]

Investitur var opphavleg ein praksis i eit føydalsamfunn der ein lensherre og ein vasall gjennom ein seremoni stadfesta det gjensidige tilhøvet mellom dei. Lensherren overførde gjennom seremonien eit len, ein jordeigedom eller annan eigedom, eit embete eller ein anna form for rett til vasallen, som så på sida si lova lensherren lojalitet og motyringar.

Kyrkjeleg investitur[endre | endre wikiteksten]

Innan kyrkja er investitur innsettinga av ein kyrkjeembetsmann, ofte ein biskop. I investiturseremonien vart biskopen tildelt ring og stav som teikn på embetet sitt.

I åra 1075 til 1122 pågikk ein konflikt, kjent som investiturstriden, der keisaren utfordra pavens rett til åleine å utnemne biskopar. Gjennom Wormskonkordatet av 1122 fekk keisaren halde ei grad av kontroll over valet, medan paven i siste instansen innsette personen som biskop.

Parlamentarisme[endre | endre wikiteksten]

I moderne parlamentarisk styringsskikk blir nemninga investitur nytta om regelen om at ei regjering først blir danna etter eit votum i nasjonalforsamlingen, der ei foreslått regjering (evtentuelt statsministerkandidat) må oppnå eit nærare definert fleirtal før ho kan tiltre. Dette er òg kalla tiltredelsesvotum eller innsettingsvedtak og er ei form for tillitsvotum i forkant av ein regjeringsperiode.