Ipatjevklosteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei folkesamling ved Ipatjevklosteret bønfell Mikhail Romanov si mor om å la han reise til Moskva og verte tsaren deira,1673

Ipatjevklosteret (russisk:Ипатьевский монастырь) er eit munkekloster som ligg ved breidda av elva Kostroma, tvert over for byen Kostroma. Klosteret vart grunnlagt rundt 1330 av ein omvend tatar, Murza Chet/fyrst Chet. Mellom hans etterkomarar i mannslinja var Solomonia Saburova og Boris Godunov.

I 1435 slutta Vasilij II fred med syskjenbarnet Vasilij Kosoj i Ipatjevklosteret. På den tid var klosteret ein kjend lærestad. Her oppdaga Nikolaj Karamzin ein serie med tre 1300-tals krøniker, mellom desse Nestorkrøniken, no kjend som Ipatjevkodeksen.

Under den store urotida i Russland vart Ipatjevklostertet våren 1609 okkupert av støttespelarar til Dmitrij II. I september same året vart klosteret erobra av moskovitthæren etter ei lang kringsetjing. 14. mars 1613 kunngjorde herredagen zemskij sobor at Mikhail Romanov, som ei tid hadde vore i klosteret, skulle verte russisk tsar.

Størstedelen av klosterbygningane skriv seg frå 1500- og 1600-talet. Treeiningskatedralen er berømt for sitt forseggjorde måla interiør. Hovudinngangen frå elvebreidda vart teikna av Konstantin Thon. Privathuset til Mikhail Romanov vart restaurert etter ordre frå Aleksander II av Russland. Arkitekthistorikarar stiller seg tvilande til autensiteten til denne rekonstruksjonen.

Ipatjevklosteret i 2009

Klostersamfunnet vart oppløyst etter oktoberrevolusjonen i 1917. Ipatjevklosteret har sidan vore omfatta av fortidsminnevernet. Nyleg har styresmaktene vedteke å tilbakeføre klosteret til den russisk ortodokse kyrkja, trass i sterk motstand frå museumshald.

I september 2002 brann den store trekyrkja frå landsbyen Spas-Vezjij ned. Ho var frå 1628 og rekna som ei av dei mest verdfulle bygningane på kloster-/museumsområdet. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]