Nikolaj Karamzin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vasilij Tropinin: Portrett av Nikolaj Karamzin, 1818

Nikolaj Mikhailovitsj Karamzin, (12. desember 17663. juni 1826) var ein russisk forfattar, språkvitar og historikar. Han vert rekna som ein russisk Michelet, Gibbon, Geijer, Zacharias Topelius. Gjennom sine historieverk gav han ideologisk stønad til den konservative gruppa i den russiske adelen som var imot tsaren sine reformar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Karamzin var fødd i Mikhailovka i guvernementet Simbrisk, og stamma frå tatarar. Etter eit års krigsteneste byrja han i 1784 på litterære studiar. År 1789 la han ut på ei reise gjennom Tyskland, Sveits, Frankrike og England, skildra i den epokegjerande Brev frå ein russisk reisande (Pisma russkogo putesjestvennika), som han publiserte 1791-92 i sitt eige tidsskrift, Moskovskij Journal.

Allereie i 1787 omsette han Shakespeares Julius Caesar og Gotthold Ephraim Lessings Emilia Galotti. Gjennom ei samling filantropisk sentimentale landsbynoveller; Bednaja Liza (Den arme Liza, 1792), ytte han sitt til moderniseringa av den skjønnlitterære prosaen på russisk. Attåt gav han ut sterkt idealiserte, historiske forteljingar som Borgmeisterinna Marfa, Natalia bojardottera og fleire.

Historieforfattar[endre | endre wikiteksten]

Karamzin gjekk over til historiske studiar og vart i 1803 rikshistoriograf. Under den store brannen i Moskva i 1812 vart heile biblioteket hans øydelagt, men manuskriptet til det monumentale livsverket hans, Istorija Gosudarstva Rossijskago (Det russiske rikets historie; 11 band, 1816-24), vart redda. Verket burde elles ha heitt «Dei russiske tsarane si historie til 1611».

Karamzin rosa det russiske sjølvherskardømet og den konservative ånda til riksstyringa. Sett vekk frå dei verdfulle notane, manglar Karamzins historie vitskapleg karakter, men stilistisk var ho i si tid eit meisterverk. Den same konservative tendensen finst i hans filosofiske og politiske småskrift, der i mellom den merkelege minneboka hans; Om det gamle og det nye Russland (skrive 1811, trykt i 1861). I skriftet ytra han seg skarpt mot Mikhail Speranskijs «liberale nyhetsmaken» og imot alle kompromiss i det polske spørsmålet.

Gjennom si ortodoks-religiøse og nasjonalkonservative oppfatning, og med sin sterke personlegdom og stilistiske kunst, fekk Karamzin stor innverknad på den kulturelle utviklinga i Russland som grunnleggjar av retninga «offisiell narodnost», det vil seie tsaristisk nasjonalisme på ortodoks, folkeleg grunn.

Han døydde i St. Petersburg i 1826.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj Karamzin