Aleksander II av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksander II

Aleksander II[1] (17. april 181813. mars 1881) var tsar av Russland frå 1855 til 1881.

Aleksander II var fødd i Moskva som son av Nikolai I av Russland og Charlotte, dotter av kong Fredrik Vilhelm III av Preussen. Han var far til Aleksander III av Russland.

I regjeringstida hans vart det satsa på bygging av jernbaner og anna infrastruktur, for å binda saman det store Tsar-Russland. Riket vart òg utvida innover Asia. Den transsibirske jernbanen vart førd heilt fram til Vladivostok. Alaska vart seld i 1867 til USA.

Det vart innførd nokre reformer innan landbruket, med oppheving av liveigenskapen. Bøndene kunne såleis reisa og flytta meir fritt, og mange flytta inn til byar for å ta arbeid innan industri. Trass i nokre reformer, auka misnøya mellom fleire grupper, og nokre byrja å arbeida for ein revolusjon. Som symbol på det gamle samfunnet, stod tsaren utsett til. Han vart forsøkt drepen i 1879 og 1880 og vart til slutt teke livet av i St. Petersburg i 1881.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Александр II Николаевич, Aleksandr II Nikolajevitsj

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksander II av Russland
Spire Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.