Iset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Iset
Iset i Jekaterinburg
Iset i Jekaterinburg
Utspring Isetskoje
Munning Tobol
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 606 km
Middelvassføring 65,4 m³/s
Nedslagsfelt 58 900 km²

Iset (russisk Исеть) er ei elv i Sverdlovsk, Kurgan og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Tobol frå venstre. Elva er 606 km lang og har eit nedslagsfelt på 58 900 km². Elva har ei middelvassføring på 65,4 m³/s.

Elva frys til i november og er islagd til april. Dei største sideelvane hennar er Miass, Tetsja og Sinara. Byene Jekaterinburg, Kamensk-Uralskij, Katajsk, Dalmatovo og Sjadrinsk ligg langs Iset.

Elva renn ut frå innsjøen Isetskoje nordvest for Jekaterinburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]