Isla de Cabrera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isla de Cabrera
Europe location Balearic Islands.png
Geografi


Stad Middelhavet
Koordinatar 39°09′N 2°57′EKoordinatar: 39°09′N 2°57′E
Øygruppe Balearane
Tal på øyar 11
Store øyar —Estells de Fora
— S'Imperial
— Cabrera
— Ses bledes
— Na Redona
— Conillera
— S'Esponja
— Na Plana
— Illot Pla
— Na Pobra
— Na Foradada
Areal 1,569 ha km²
Høgaste punkt Na Picamosques (172 moh.)
Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Demografi
Folketal 0

Cabrera (latinsk Capraia) er ei av dei minste øyane i Balearane i Spania, like sør for Mallorca i Middelhavet.

Ho er den største øya i ei lita øygruppe som frå sør til nord er Estells de Fora, L'Imperial, Cabrera itself, Illa de ses Bledes, Na Redona, Conillera, L'Esponja, Na Plana, Illot Pla, Na Pobra og Na Foradada.

Cabrera vart nytta som fangeøy for franske fangar under napoleonskrigane. Av dei 9000 fangane som vart sendt her, overlevde berre 3600.

Seint i 1916 vart øya ekspropriert av den spanske marinen og ho vart verande ei militærsone fram til 1980-åra. Enkelte sivile frå Mallorca fekk likevel leige delar av øya frå 1920-åra til jordbruk.

I 1936, under den spanske borgarkrigen, fall eit republikansk fly ned på øya. Mannskapet vart tekne til fangar, men to republikanske ubåtar kom til unnsetning og militærsjefen på Carbera og tre sivile fangar vart tekne til Minorca og avretta. Under den andre verdskrigen i 1944, styrta eit tysk fly like ved øya.

Heile øygruppa er ein nasjonalpark, Parque Nacional del Archipiélago de Cabrera. Cabrera er ein populær båtdestinasjon, med mange naturlege hamner. Fleire stader av øya har derimot avgrens tilkomst på grunn av nasjonaplarken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°09′N 2°57′E