Isoflate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Ei isoflate er ei tredimensjonal utgåve ev ei høgdekote. Det er ei flate som representerer punkt av same verdi (t.d. trykk, temperatur, fart, tettleik) innafor eit område i rommet.

Vanlegvis kan ein sjå isoflater ved å bruke datagrafikk, og vert ofte brukt for å vise utrekna data i væskedynamikk, slik som væskestraum rundt lekamar, t.d. ei flyvenge.

I medisinsk avbilding kan isoflater brukast til å representere område med ei viss tettleik i ei tredimensjonal CT-skanning, slik at ein kan visualisere indre organ, bein eller andre strukturar.

Fleire andre område, som farmakologi, kjemi, geofysikk og meteorologi, bruker tredimensjonale data representert som isoflatar.

Personlege verktøy
På andre språk