Ivösjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivösjön

Koordinatar: 56°4′19.326″N 14°23′51.299″E Ivösjön (tidlegare dansk: Iføsøen) i Sverige, er med ei overflate på 54 km² den største innsjøen i Skåne. Han ligg nær grensa mot Blekinge.

Ved Åsnen rett nord om Bromölla vart det funne eit fossil av det som er den eldste komplette blomen i verda, 85 millionar år gammal. Planter av denne slekta finst framleis mellom anna Sør-Afrika. Blomen har blitt fotografert av den verdskjende fotografen Lennart Nilsson. Området rundt Ivösjön er eit av dei mest fossilrike i verda og skjelett av m.a. dinosaurar er funnen her. Planar finst om eit fossilmuseum i området.

Ivösjön har òg ved fleire undersøkingar vist seg vere den mest artsrike fiskesjøen i Sverige med ca. 25–30 fanga artar. Fisket er kjent blant sportsfiskarar. Den sjeldne mallen har blitt fanga i Skräbeån som drenerer Ivösjön og renn ut i Hanöbukten ved Möllefjorden, Nymölla.

I sjøen ligg Ivö som var eit bispesete i mellomalderen. Anders Sunesen sin biskopskjeller er ein dansk ruin frå denne tida. På Ivö finst òg eit kaolinbrot som var opphavet til den keramiske industrien som i meir enn hundre år fanst i Bromölla. Til Ivö går òg den einaste bilferja i Skåne frå Barum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]