Izjevsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Izjevsk
Ижевск
St. Mikhajlov-katedralen
St. Mikhajlov-katedralen
Flagget til Izjevsk Byvåpenet til Izjevsk
Flagget til Izjevsk Byvåpenet til Izjevsk


Plassering
Izjevsk is located in Russland
Izjevsk is located in Udmurtia
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Udmurtia
Grunnlagd 10. april 1760
Borgarmeister Viktor Balakin
Geografi
Flatevidd
 - By

316,66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

615 700
  1 944,4 /km²
Koordinatar 56°51′″N 53°13′″EKoordinatar: 56°51′″N 53°13′″E
Høgd over havet 140 moh
Tidssone
- Ved sommartid
SAMT (UTC+4)
SAMST (UTC+5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 426xxx
Retningsnummer (tlf) +7 3412
Bilnummer 18
Nettstad: www.izh.ru/

Izjevsk (russisk Иже́вск; udmurtisk Ижкар, Ižkar), frå 1985 til 1987 kalla Ustinov (russisk Усти́нов), etter Dmitrij Ustinov, er hovudstaden i republikken Udmurtia i Russland. Han ligg ved elva Izj vest i Uralfjella.

Byen var tidlegare ein ingeniørby og vart grunnlagd som ein stad der det vart gjort alle slags former for metallarbeid, hovudsakleg produksjon av maskineri og våpen. Izjevsk er ein av dei mest kjende våpenbyane i Russland, og det var her Mikhail Kalasjnikov utvikla det kjende geværet AK-47. Kalasjnikov bur framleis i Izjevsk. Det finst òg ein bil- og motorsykkelfabrikk i byen som har merket IZJ (ИЖ).

Under sovjettida var Izjevsk ein lukka by som var stengd for utlendingar på grunn av dei mange militære fabrikkane som låg her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Izjevsk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]