Lukka by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontrollpunktet til den lukka byen Seversk

Ein lukka by er ein busetnad med restriksjonar for innreise og opphald i Sovjetunionen og somme av dagens land som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. I dagens Russland har slike stader offisielt namnet «lukka administrative-territorialformasjonar» (russisk закрытые административно-территориальные образования, zakrytyje administrativno-territorialnyje obrazovanija eller forkorta ZATO).

Eit kontrollpunkt i den lukka byen Zjeleznogorsk i Krasnojarsk kraj i Russland

Lukka byar var ikkje oppførte på anna enn klassifiserte kart. Det var ikkje vegskilt eller liknande som viste vegen til lukka byar, og dei var heller ikkje oppførte i jernbanerutene. I bussruter vart dei lukka byane oppførte som nærliggande små landsbyar, med stoppet nærast den lukka byen kalla «47km» eller liknande. For postleveransar vart ein lukka by vanlegvis omtalt som den næraste store byen samt eit tal som Arzamas-16, Tsjeljabinsk-65 osv. Folk som ikkje budde i ein lukka by vart utsett for dokumentkontroll og tryggleikskontrollpunkt og måtte ha spesifikk løyve for å kome inn i byen. For å få kunne busetje seg i ein lukka by måtte ein ha tryggleiksklarering hos KGB.

Den lukka byen vart stundom vakta av piggtrådgjerder og tårn, ikkje ulikt ein straffeleir. Dette avgrensa ikkje fridomen til innbyggjarane, som lett kunne kome gjennom kontrollpunkta. At byane i det heile eksisterte var ofte klassifiserte og innbyggjarane var venta å ikkje fortelje framande om kvar dei budde. Mangelen på fridom vart ofte kompensert med betre husvære og betre utval av varer i butikkane enn elles i landet. I Sovjetunionen fekk folk som arbeidde med klassifisert informasjon i tillegg ein lønsbonus.

«Kassen»[endre | endre wikiteksten]

«Kassen» var det uoffisielle namnet på eit hemmeleg sovjetisk anlegg, som på mange måtar var lik ein lukka by, men vanlegvis mindre, vanlegvis på storleik med ein fabrikk. Namnet på kassen var vanlegvis klassifisert, og det same var aktivitetane her. Innkomande post vart adressert til «postkasse #XXXX», som er opphavet til namnet «kassen». Dei fleste sovjetiske designbyrå for våpen, fly, verdsrommet, militær elektronikk og liknande var slike «kassar».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lukka byar vart oppretta frå seint i 1940-åra og frametter. Dei vart delte inn i to kategoriar. Den første kategorien var relativt små samfunn med sensitive militære, industrielle eller vitskaplege anlegg, som våpenfabrikkar eller kjernefysiske anlegg.[1] Døme er dei moderne byane Oziorsk (Tsjeljabinsk-65) med eit anlegg som produserte plutonium og Sillamäe, ein stad for urananriking. Sjølv sovjetarane fekk ikkje lov å vitje slike byar utan løyve. I tillegg var somme større byar lukka for utlendingar som ikkje hadde løyve, medan dei var fritt tilgjengelege for sovjetarane. Desse byane var mellom andre Perm, eit senter for sovjetisk stridsvognproduksjon og Vladivostok, basen for Den sovjetiske stillehavsflåten.

Den andre kategorien var grensebyar (og stundom heile grenseområde som Kaliningrad oblast og Saaremaa og Hiiumaa) som var lukka av tryggleiksårsaker. Andre lukka området fanst òg innanfor Austblokka, som i Tyskland og grensa mellom Vest-Tyskland og Tsjekkoslovakia.

Dei lukka byane i Sovjetunionen låg ofte i geografisk fjerne stader, som djupt i Uralfjella eller i Sibir, ofte i nærleiken av elvar eller innsjøar på grunn av trongen for mykje vatn i tungindustrien og kjerneteknologien.

Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Ukraina hadde elleve lukka byar, mellom anna hamnebyen SevastopolKrimhalvøya og industribyen Dnipropetrovsk, som begge var avgrensa for utlendingar, men ikkje lokale. Innreiserestriksjonane vart oppheva på midten av 1990-talet.

Estland[endre | endre wikiteksten]

Det var to lukka byar i Estland: Sillamäe og Paldiski. Som alle andre industribyar var innbyggjarane hovudsakleg russisktalande. I Sillamäe låg ein kjemisk fabrikk som produserte brenselsstavar for sovjetiske kjernekraftverk og kjernevåpenanlegg. Sillamäe var lukka heilt til Estland fekk sjølvstendet sitt i 1991. I Paldisk var det ein sovjetisk treningssenter for atomubåtar og byen var lukka fram til 1994 då dei siste russiske krigsskipa drog bort der frå.

Lukka byar i dag[endre | endre wikiteksten]

Perm var tidlegare ein lukka by

Mange tidlegare lukka byar vart opna seint i 1980-åra og tidleg i 1990-åra. Byar som Perm vart opna lenge før Sovjetunionen fall, medan andre, som Kaliningrad og Vladivostok, vart verande lukka til så seint som i 1992. Då Den russiske føderasjonen vart oppretta vart statusen til dei lukka byane endra og dei fekk namnet lukka administrative-territorialfromasjonar, forkorta ZATO på russisk.

Russland[endre | endre wikiteksten]

Det er i dag 42 lukka byar i Russland med eit samla innbyggjartal på kring 1,5 millionar. 75 % av dei vert styrt av Det russiske forsvarsdepartementet, medan resten vert styrte av Det russiske atomenergibyrået, tidlegare Minatom.[2] Ein trur det har eksistert kring 15 lukka byar til, men namna deira eller kvar dei låg er ikkje kjend.[3]

Dei lukka byane i Russland i dag er :

Somme av desse er opne for utanlandske inversteringar, men utlendingar må ha innreiselyøve.

Talet på lukka byar er kraftig redusert sidan midten av 1990-åra, men i 2001 var det framleis restriksjonar på innreise i byane Norilsk, Talnakh, Kajerkan, Dudinka og Igarka.

Kasakhstan[endre | endre wikiteksten]

Baikonur, i Kasakhstan (2004)

Tre lukka byar under russisk styre finst i Kasakhstan. Dei er Bajkonur (tidlegare Leninsk), ein bygd for å tene Bajkonur kosmodrom, Kurtsjatov ved Semipalatinsk teststad og Priozersk som er det adminsitrative senteret i Sary Sjagan antiballistisk missil-testsenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Secret Cities." Globalsecurity.org. Accessed August 2011.
  2. Nadezhda Kutepova & Olga Tsepilova, "A short history of the ZATO", p. 148-149 in Cultures of Contamination, Volume 14: Legacies of Pollution in Russland and the US (Research in Social Problems and Public Policy), eds. Michael Edelstein, Maria Tysiachniouk, Lyudmila V. Smirnova. JAI Press, 2007. ISBN 0-7623-1371-4
  3. Greg Kaser, "Motivation and Redirection: Rationale and Achievements in the Russlandn Closed Nuclear Cities", p. 3 in Countering Nuclear and Radiological Terrorism, eds. David J. Diamond, Samuel Apikyan, Greg Kaser. Springer, 2006. ISBN 1-4020-4897-1