Udmurtisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Udmurtisk (fleirtyding).
Udmurtisk
(удмурт кыл (udmurt kyl))
Klassifisering: Uralsk
 permisk
Talarar: udmurtar
Bruk
Tala i: Russland
Område: Udmurtia
Udmurtisktalande i alt: 324 000 (2010)[1]
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2: udm
ISO 639-3: udm
Wikipedia på udmurtisk

Udmurtisk, votjakisk, er eit permisk språk i den uralske språkfamilien . Dei næraste slektspråka er dermed komi og komipermjakisk. Skilnaden mellom udmurtisk og dei andre permiske språka er ikkje stor, likevel så stor at dei ikkje utan vidare er forståelege. Ifylgje folketeljinga i 2010 var det 552 000 udmurtar og 324 000 udmurtisktalande i Russland. Tilsvarande tal frå 2002 var 637 000 udmurtar og 464 000 udmurtisktalande, mens det i sovjetisk statistikk frå 1989 var 746 000 udmurtar, av dei hadde 520 000, eller 69,7 %, udmurtisk som morsmål. Dei fleste av dei lever i Udmurtia, nokre av dei bur i Basjkortostan, i Tatarstan og i Kirov og Perm oblastar. Udmurtisk har tre hovuddialektar, nord-, midt- og sørudmurtisk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Udmurtisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse bokstavane i tillegg: ӝ [ʤ], ӟ [ʣ́],ӥ [ ], ӧ [e̮], ӵ [ ]. Udmurtisk fekk først eit latinsk alfabet på 1930-talet, og deretter eit kyrillisk alfabet.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Udmurtisk har 29 konsonantfonem og 8 vokalfonem. Det er ikkje skilje mellom lang og kort vokal, og ikkje vokalharmoni.

Labial Alveolar Post-
alveolar
Alveolo-
palatal
Palatal Velar
plain lat. plain lat.
Plosive voiceless p t k
stemt b d ɡ
Affrikat voiceless t͡s t͡ʃ t͡ɕ
stemt d͡z d͡ʒ d͡ʑ
Frikativ voiceless f s ʃ ɕ x
stemt v z ʒ ʑ
Nasal m n ɲ ŋ
Approksimant l j ʎ
Trill r
Fremre Sentral Bakre
Urunda Round
Lukka i ɨ~ɯ u
Midtre e ə ʌ o
Open a

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Udmurtisk har, som dei andre permiske språka, eit rikt kasussystem.

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Udmurtisk er eit SOV-språk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.