János Bolyai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
János Bolyai (15. desember 1802–27. januar 1860) var ein ungarsk matematikar. Bolyai er mest kjent for sine arbeid innanfor den ikkje-euklidske geometrien. I ikkje-euklidske geometriar forkastar ein, eller prøver å finne andre alternative formuleringar av Euklids parallellaksiom. Dette arbeidet vert rekna for eit av den hyperbolske ikkje-evklidske geometrien sine kjeldeskrifter, og har vore vore teoretisk viktig.
Bolyai vart fødd i Kolozsvár i Transilvania (i dag Cluj-Napoca, Romania), og han var son av matematikaren Farkas Bolyai.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Janos Bolyai» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson. «János Bolyai». MacTutor History of Mathematics archive.