Jón Sigurðsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jón Sigurðsson (17. juni 18117. desember 1879) var leiar av den islandske sjølvstenderørsla på 1800-talet.

Jón Sigurðsson var fødd i Hrafnseyri, nær Arnarfjörður, vest på Island, som son til presten Sigurður Jónsson. Han reiste til København i Danmark i 1833 for å studera historie ved universitetet der, og etter kvart få arbeid ved Den arnamagnæanske samlinga, som på den tida hyste manuskripta til dei islandske ættesogene. Han vart ekspert på islandske ættesoger og på islandsk historie. Han tok aldri nokon universitetseksamen, ettersom islandsk politikk kom til å ta meir og meir av tida hans.

Jón Sigurðsson gifta seg med søskenbarnet sitt, Ingibjörg Einarsdóttir, og dei busette seg i København, der heimen deira vart eit senter for alle islendingar i byen. Dei hadde ingen born, men ein samtidig av dei slo fast at «alle islendingar er borna deira». Han drog til Island kvart år, 29 gonger i alt, for å leia møta i Alltinget, som på den tid var eit rådgjevande organ for den danske regjeringa og kongen. Dei danske styresmaktene tok etter kvart omsyn til Jón Sigurðsson sin veltalande måte å fremja islandske interesser på, og i 1874 fekk Island eit avgrensa sjølvstyre i innanriks saker.

Fødselsdagen hans, 17. juni, er Island sin nasjonaldag.

Jón Sigurðsson vert ofte omtala som president sidan han var preces i det islandske litterære selskapet (Hið íslenzka bókmenntafélag) i ei årrekkje. Biletet hans finst på den islandske 500 krónur-setelen, og han har vorten æra med frimerke på eithundreårsdagane for fødsel og død og på 150-årsdagen for fødselen, likeeins ved danninga av den islandske republikken (på den 133. fødselsdagen hans).

Referanse/kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]