Jökulhlaup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jökulhlaup frå Hubbardbreen 14. august 2002.

Eit jökulhlaup er ein plutseleg og ofte katastrofal flaum frå ein isbre. Opphavet til denne typen flaum er anten at ein dam oppdemt av ein bre plutseleg blir tappa eller at eit vulkanutbrot under ein bre raskt smeltar store mengder is. Namnet på omgrepet kjem frå Island der dette er eit fenomen som ikkje er uvanleg.

Dammar kan også bli demt opp av endemorener eller andre forhold rundt breen. I samband med vulkanutbrot under isen vil det ofte bli smelta ei mengde med vatn som ikkje kjem seg ut og som dermed resulterer i eit jökulhlaup som kombinerer begge typane. Dei oppdemte dammane har fleire moglegheiter til å koma seg forbi breen som demmer dei opp. Det som ofte skapar dei store flaumane er når ein stor dam blir så tung at han greier å løfte breen framom seg opp frå grunnen under. Da vil litt vatn renne ut og smelte ein kanal som meir vatn renn gjennom og så vidare til alt vatnet renn ut på ein gong gjennom ein stor tunnel langs botnen av isen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]