Vatnajökull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dette utsnittet av eit satellittbilde av Island viser Vatnajökull
Vatnajökull frå riksveg 1, på veg mot Jökulsárlón

Vatnajökull (utt. vatna-jøkudl) er den største isbreenIsland. Breen ligg søraust på øya og dekker meir enn åtte prosent av landet. Med eit areal på 8 100 km² er han den nest største i Europa, etter AustfonnaSvalbard. Volumet til Vatnajökull er derimot større enn det til Austfonna. Tjukkleiken til isen er i snitt om lag 400 meter, men er somme stader opp til 1000 meter.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare blei breen kalla «Klofajökull» (klåva-jøkudl). Den mest sannsynlege grunnen til dette namnet var at langs kysten er breen kløyvd opp av landområde mellom dei forskjellige utløpararmane frå breen.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre breane i Europa blei Vatnajökull borte etter den siste istida og kom ikkje tilbake igjen før ei klimaforverring for to til tretusen år sia. Frå ca. 1400 auka han i areal fram til 1700-/1800-talet under Den litle istida. Fram til rundt 1930 var han nokså stabil før han da begynte tilbaketrekking på grunn av ein varm periode. Frå rundt 1990 er det igjen ein varm periode, og breen trekker seg stadig tilbake.

Vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Grímsvötn på Vatnajökull

Det finst minst tre vulkansystem under Vatnajökull: Öræfajökull, Gjálp og Grímsvötn. I dei seinare åra har Grímsvötn vore mest aktiv, med siste utbrot i 2004. Utbrota frå desse vulkanane kan løyse ut store flaumar i dreneringssystema frå brearmane. Öræfajökull har hatt utbrot to gonger sidan Island blei folkesett; 1362 og 1727. Han er ein dermed ein av dei mest aktive stratovulkanane i Europa. Gjálp hadde det siste utbrotet i 1996 og dette blei etterfylgt av eit jökulhlaup (ein katastrofeflaum) i Skeiðará.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vatnajökull