Jødiske bøner og gudstenester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein jemenittisk jøde med ein kippá (kalott) på hovudet og ein telíth (tallét, bønesjal) kring seg. Boksane som er festa på panna og eine overarma med reimer er tefillín (bønereimer). Dei lange sidelokkane som er typiske for jemenittiske og askenasiske jødar blir kalla peót. Bokrullen han held er ein megillá.

I rabbanittisk jødedom er det tre daglege gudstenester på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ʿarbít (‘kvelds’). (Mange askenasiske jødar kallar kveldsgudstenesta maʿarív i staden.) Alle desse gudstenestene inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ʿAmidá» (‘ståande’). ʿAmidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særleg blant askenasím er det vanleg å kalle ʿamidáen «sjemoné ʿesré» (‘18’), ettersom ʿamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart dette talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáʿ Jisraél» (‘Høyr, Israel’). Denne bøna blir lesen under sjaḥarít og ʿarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.

Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstenester kan seiast både i fellesgudstenesta og som privat bøn. Unntak frå denne regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heilagbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. Denne gruppa blir definert noko ulikt blant ulike jødiske grupper.

Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved ulike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.

Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom dei ulike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergrupper av rabbanittiske jødar brukar det same materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjennomfører offentleg eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved ulike høve og kva språk ein brukar for dei ulike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsetjingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom desse ytterpunkta.

IDF soldier put on tefillin.jpg

Kledesdrakt og symbol[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit tal vanlege jødiske religiøse symbol og objekt som blir bruka under bøn. Talléten er eit jødisk bønesjal. Ein kippá (ofte òg kalla jármelke blant askenasím) er ein kalott mange jødiske menn og nokre kvinner dekkjer hovuda sine med under bøn og elles når ein er i synagogen. Mange ortodokse jødar, særleg askenasím, har kippáen på seg heile dagen. Tefillín (bønereimer) er boksar som inneheld pergamentlappar med sitat frå Toráen som blir sett på som pålegg om å skrive orda på armen og binde dei mellom augo. Tefillín blir bruka av dei fleste praktiserande jødiske menn og nokre praktiserande jødiske kvinner (særleg kvinner frå ikkje-ortodokse, praktiserande jødiske miljø). Ein brukar tefillín under morgongudstenesta på dei fleste kvardagar, og stundom under ettermiddagsgudstenesta på enkelte fastedagar (men aldri på jom kippúr, på jom tób eller sjabbát).