Ortodoks jødedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ortodoks jødedom er ei retning av jødedommen som ser på halakhá som eit absolutt bindande, overordna og i alle hovudtrekk statisk lovsystem for det jødiske folket. I ortodoks jødedom blir det særleg lagt vekt på kasjrút (matføreskrifter), sjabbát (kviledagen) og tahorat hammisjpaḥá (rituell reinskap i ekteskapet).

Ortodokse jødar reknar deira form av jødedommen for å vera den mest tradisjonelle og meiner vanlegvis at alle andre former av jødedom er eit brot med jødisk tradisjon. Konservative (eller masorti) jødar meiner på si side gjerne at ortodoks jødedom har forlate den tradisjonelle, dynamiske jødedommen til fordel for eit statisk og dogmatisk system.

I ortodoks jødedom er det i utgangspunktet strengt definerte kjønnsrollar. Kvinner har ansvar for heimen, medan menn har ansvar for alle offentlege funksjonar, t.d. i synagogen. Det er vanleg at kvinner dekkjer håret med eit skaut, eller i nokre askenasisk-ortodokse samfunn parykk.

Ortodoks jødedom kan m.a. underdelast i moderne ortodoks jødedom (inkludert feministisk-ortodoks jødedom) og ḥaredisk jødedom (òg kalla ultraortodoks jødedom).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ortodoks jødedom

Moderne ortodoks jødedom[endre | endre wikiteksten]

Feministisk-ortodoks jødedom[endre | endre wikiteksten]

Sentristisk-ortodoks jødedom[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.