J. Allen Hynek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josef Allen Hynek

Fødd1. mai 1910(1910-05-01)
Chicago i Illinois
Død27. april 1986 (75 år)
Scottsdale i Arizona
NasjonalitetUSA
Områdeastronomi, UFO
Yrkeastronom, astrofysikar, ufolog, akademikar, universitetslærar, fysikar, skribent, vitskapsperson
InstitusjonarApplied Physics Laboratory
Yerkes-observatoriet
Ohio University
Harvard University
Northwestern University
Alma materUniversity of Chicago
Crane High School
DoktorgradsrettleiarOtto Struve
William Wilson Morgan
BarnJoel Hynek

Dr. Josef Allen Hynek (1. mai 191027. april 1986) var ein USA-amerikansk astronom, professor og ufolog.[1] Han er best hugsa for UFO-forskinga si. Hynek fungerte som vitskapleg rådgjevar for UFO-studiane til U.S. Air Force frå 1947 til 1969.

I fleire tiår etter dette forska han sjølv på UFO-ar. Han analyserte titusenvis av UFO-rapportar og skreiv og redigerte fleire bøker om fenomenet, best kjent er The UFO Experience (1972, på norsk UFO – en dokumentasjon, 1981).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The J. Allen Hynek for UFO Studies». Henta 10. februar 2008.