Jack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jack er eit mannsnamn danna som ei engelsk kortform for Jackin, eit kjælenamn for John. Jack har norsk namnedag den 25. juli.

Fordi namnet kan minna om Jacques, som er fransk form av Jakob, har Jack vore knytt til dette. Opphavet til dei to namna er likevel forskjellig. Jake er ei vanleg engelsk kortform av Jacob, som også er kjend under forma James.

Namnet var i utstrekt brukt som tiltalenamn for ein kvar mannsperson eller hanndyr under mellomalderen i England. Det blei etterkvart også gjeve som sjølvstendig namn. Ved byrjinga av 2000-talet var det det mest brukte namnet for gutar i England, Wales og Nord-Irland.

Jack er brukt i ei rekkje engelske eventyr og barnerim, til dømes «Jack and the beanstalk» (Jack og bønnestengelen) og diktet om «Jack og Jill».

Jack the Ripper var kallenamnet gjeve til ein ukjend seriemordar i London i 1888.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]