Jack Bruce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack Bruce
Jack Bruce.jpg
Bruce på konsert den 28. oktober 2006 i Frankfurt i Tyskland
Verkeleg namn John Symon Asher Bruce
Instrument Vokal, bass, kontrabass, cello, piano, munnspel, gitar, klaverinstrument
Sjanger Blues-rock, psykedelisk rock, jazz-fusion, hardrock, acid rock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Cream, Blues Incorporated, The Graham Bond Orgelization, John Mayall & the Bluesbreakers, Manfred Mann, West, Bruce and Laing, Ringo Starr & His All-Starr Band, Bruce, Lordan and Trower, Kip Hanrahan, BBM, Rocket 88
Plateselskap EMI, RSO
Nettstad www.jackbruce.com
Kjende instrument
Fender Bass VI, Danelectro Longhorn, Gibson EB-3, Gibson EB-1, Warwick Thumb Signature, Warwick Jack Bruce CRB

John Symon Asher «Jack» Bruce (fødd 14. mai 1943) er ein skotsk musikar og låtskrivar, mest kjend som eit av medlemmane i den britiske powertrioen Cream. Han har hatt ein solokarriere som dekkjer fleire tiår og har spelt i lag med mange kjende musikarar. Mest kjend er han som vokalist og bassgiarist og har vorte kalla «ein pioner i verdsklasse på hovudinstrumentet sitt; ein komponist av nokre av dei mest minneverdige rockesongane i vår tid; ein dyktig klassisk-, jazz- og latinamerikansk musikar og ein av dei mest særeigne og stemningsfulle stemnmene i popmusikken.»[1] Han kan òg spele klassisk cello. Sunday Times skreiv «... mange reknar han som ein av dei største bassistane gjennom tidene.»[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bruce flytte som ung til London der han byrja å spele rhythm & blues med Alexis Korners Blues Incorporated og sidan The Graham Bond Organisation, John Mayall's Bluesbreakers og Manfred Mann på første halvdel av 1960-talet. I lag med Graham Bond spelte han mellom anna med Ginger Baker, og då Eric Clapton ønskte å starte sitt eige band i lag med Baker, kravde Clapton at Bruce skulle spele bass. I lag danne dei tre supergruppa Cream, som eksisterte frå 1966 til 1968. Der skreiv og song Bruce mykje av musikken.

Sidan har han i mange samanhengar spelt i grenselandet mellom rock og jazz, mellom anna i Larry Coryell Band, The Tony Williams Lifetime og John McLaughlin sitt Mahavishnu Orchestra. Alt i 1969 gav han ut det første soloalbumet sitt, Songs for a Tailor, som nådde sjetteplassen i Storbritannia i 1969. Han spelte i 1972 til 1974 i hardrocktrioen West, Bruce and Laing.

I 1990-åra spelte han igjen i lag med Ginger Baker i bandet BBM, der Gary Moore var gitarist. Dei gav ut albuemt Around the Next Dream i 1994.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Dato Album
September 1969 Songs for a Tailor *
Desember 1970 Things We Like *
(innspelt aug 1968)
September 1971 Harmony Row *
November 1974 Out of the Storm *
(Juni 1975) Live at Manchester Free Trade Hall '75
(dobbel-CD som kom ut i 2003)
Mars 1977 How's Tricks *
(1971 - 1978) Spirit- Live at the BBC 1971-1978
(3-CD released 2008)
(1978) Jet Set Jewel
(released 2003)
Desember 1980 I've Always Wanted To Do This
Januar 1983 Automatic
(1987) Somethin Els
(released March 1993)
Januar 1990 A Question of Time
Mars 1994 Cities of the Heart
(live double album)
September 1995 Monkjack
Juli 2001 Shadows in the Air
(Oktober 2001) Live at the Milky Way
(utgjeve okt 2010)
September 2003 More Jack Than God
Desember 2007 Live with the HR Big Band
Mai 2008 The Anthology - Can You Follow?
(6-CD)

[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Composing Himself s.19 av Harry Shapiro, Jawbone Press, Feb 2010
  2. «Jack Bruce, ace of bass», Times Online. Henta 13. mars 2011
  3. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 127–128. ISBN 1-84195-017-3. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Brigitte Tast, Hans-Jürgen Tast „be bop - Die Wilhelmshöhe rockt. Disco und Konzerte in der Hölle" Verlag Gebrüder Gerstenberg GmbH & Co. KG, Hildesheim, ISBN 978-3-8067-8589-0.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]