Jack DeJohnette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jack DeJohnette

Jack DeJohnette (fødd 9. august 1942) er ein amerikansk trommeslagar.

DeJohnette hadde timar i både piano og trommesett som ung. Han gjekk på high school, og seinare musikkonservatorium i Chicago, der han var fødd. Her fekk han sjansen til å prøve seg med John Coltrane, men han flytta etterkvart til New York, der han arbeidde med mellom andre Jackie McLean og Big John Patton.

Karrieren hans tok av i 1966, då han vart med i Charles Lloyd sin kvartett, med pianisten Keith Jarrett og bassisten Ron McClure. Bandet spela ei moderne form for jazz, og fekk stor suksess. For DeJohnette leia dette vidare til eit engasjement med Miles Davis i 1969. Han spela på den berømte «Bitches Brew»-plata, og blei verande i bandet til 1971.

Han spelte inn si første plate som bandleiar i 1968 («The DeJohnette Complex», der han sjølv spelte melodika). I løpet av 1970-åra gav han ut fleire plater, og han kom inn på plateselskapet ECM i 1976. Her spelte han inn med banda Directions og New Directions. I tillegg til desse, leia DeJohnette Special Edition, som gav ut fire album frå 1984 til 1991.

DeJohnette har sidan 1980-åra nådd eit stort publikum gjennom Keith Jarrett sin Standards-trio saman med Gary Peacock. Seinare starta han også Gateway Trio, med Dave Holland og John Abercrombie (som spelte i New Directions).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]