Miles Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Miles Davis

Miles Dewey Davis III (26. mai 192628. september 1991) var ein amerikansk jazztrompetist, komponist og multi-instrumentalist.

Davis vart fødd i Alton, Illinois, i nærleiken av St. Louis. Faren var tannlege, og familien var relativt velståande. Som tenåring spelte han trompet i skulekorps i St.Louis, og Clark Terry var eit tidleg førebilete. Davis vart medlem i fagforeininga for musikarane og starta å spele profesjonelt då han var 16 år gamal.

I 1944 kom Davis til New York, der han etterkvart vart med i Charlie Parker sitt band. I 1948 leidde han innspelinga av «The Birth of Cool» saman med Gil Evans. Frå midten av 1950-åra hadde han stor suksess med sin eigen kvintett, med John Coltranetenorsaksofon, Red Garlandpiano, Paul Chambers på bass og Philly Joe Jonestrommer. Han spelte også inn fleire storbandplater med Gil Evans.

I 1959 gav han ut «Kind of Blue», som skulle bli ein av dei mestselgande platene i jazzhistoria. Året før hadde han utvida kvintetten til å bli ein sekstett, med Cannonball Adderlyaltsaksofon. På Kind of Blue erstatta han Jones og Garland med Jimmy Cobb og vekselvis Wynton Kelly og Bill Evans på piano. Rytmeseksjonen med Cobb, Chambers og Kelly heldt fram med Davis fram til 1963.

Mellom 1964 og 1968 leia Davis ein ny kvintett, beståande av Tony Williams på trommer, Herbie Hancock på piano, Wayne Shorter på tenorsaksofon og Ron Carter på bass. Dette bandet flytta seg lengre frå bebop-røtene enn dei tidlegare banda, og dei byrja å eksperimentere med å blande elektriske og akustiske instrument.

Frå 1968 til 1975 var Davis ein av dei sentrale artistane innan fusionsjangeren, med innspelingar som «In a Silent Way» og «Bitche's Brew». Han samla på nytt unge musikarar i bandet sitt, og var sterkt påverka av artistar som Sly and the Family Stone, James Brown og Jimi Hendrix.

Etter ein periode med sjukdom og misbruk av alkohol og narkotika i siste del av 1970-åra, kom han attende i 1980-åra. Musikken var no inspirert av samtidig pop-musikk, og han nådde eit stort publikum med utgjevingar som «Tutu» (1986).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Miles Davis og Quincy Troupe: Miles: The autobiography. London: Picador, 1990.