Jacques-Yves Cousteau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jacques-Yves Cousteau 1976.

Jacques-Yves Cousteau (fødd 11. juni 1910 i Saint-André-de-Cubzac i departementet Gironde, død 25. juni 1997 i Paris) var ein fransk marineoffiser, filmregissør og oseanografi. Han var ein pioner innan dykking og undervassfotografering. Saman med franskmannen Emil Gagnan fann han opp aqualungen i 1943. Dette var forløparen til vår tids trykkluftapparat som no blir brukt ved apparatdykking.

Han leia fleire ekspedisjonar med forskingsskipet «Calypso». Han vart direktør ved Musée Océanographique i Monaco i 1957. Costeau lagde fleire filmar, mellom andre Den tausen verden (1955) og Verden uten sol (1964). Han var elles særs engasjert i natur- og miljøvern.

I Frankrike er han kjent som le commandant Cousteau, andre stad som Jacques Cousteau eller Captain Cousteau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jacques-Yves Cousteau