Jacques Derrida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Innhaldsliste

Jacques Derrida (15. juli 19308. oktober 2004) var ein algeriskfødd fransk-jødisk litteraturkritikar og filosof som blir rekna som den første til å utvikle den dekonstruksjonistiske filosofien etter at denne idéen kom fram i verket til Martin Heidegger.

[endre] Plassering av tankesystemet åt Derrida

Derrida hadde vesentleg innflytnad på kontinental filosofi og på litteraturteori, særleg gjennom det livslange sambandet sitt med litteraturkritikaren Paul de Man — sjølv om bruken av dekonstruksjon i litteraturkritikk ikkje er universelt godteke som foreinleg med Derrida sitt verk.

Verket hans blir ofte sett i samband med poststrukturalisme og postmodernisme, men det sistnemnde sambandet er ikkje fullt ut stadfestande. Det er heller Jean-François Lyotard som utgjer det nærmaste sambandet mellom dekonstruksjon og postmodernisme og som føreslår filosofiske aspekt av postmodernismen — som Derrida bruka først og fremst i lange dialogar som ikkje er grunnlag for å vise noko enkelt hopehav mellom verka deira — sjå t.d. Derridas «Writing Proofs» og Lyotards «Translator’s Notes» i Pli, v. 6. Endatil «innanfor» dekonstruksjonen har personar som Philippe Lacoue-Labarthe karakterisert seg sjølve som modernistiske snarare enn postmodernistiske av legning.

[endre] Dekonstruksjon i følge Derrida

Derrida forklarte i «Letter to a Japanese Friend» (Derrida and Differance, red. Robert Bernasconi and David Wood) at ordet «déconstruction» var eit forsøk på å oversetje Heidegger sine termar «Destruktion» og «Abbau» ved hjelp av eit fransk ord. Dei ulike tydingane av omgrepa gjorde at han samtidig kunne nytte ordet til sine eige føremål og legge ei ny meining i dei.

Dekonstruksjon er tett knytt til den vestlege filosofiske tradisjonen. Likevel er omgrepet også relevant i høve til tilstøytande disiplinar, slik som lingvistikk og antropologi (kalla «menneskevitskapane» i Frankrike). Ei viktig side ved Derrida sitt arbeide var studiane av antropologien sitt filosofiske grunnlag. Han såg då både på dei konseptuelle og dei historiske sidene ved spørsmålet, og peika på korleis faget, medvite eller ikkje, kviler på filosofiske argument. Edmund Husserl, Sigmund Freud og Martin Heidegger var blant hans fremste inspirasjonskjelder.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

[endre] Derrida som fransk filosof

I tillegg til de Man og Lyotard, kan ein av samtidige tenkjarar nemne Michel Foucault, Louis Althusser, Emmanuel Levinas, Maurice Blanchot, Gilles Deleuze, Jean-Luc Nancy, Philippe Lacoue-Labarthe, Sarah Kofman, Hélène Cixous, Bernard Stiegler og Geoffrey Bennington. Fleire av desse var òg personlege vener av Derrida, og faglege likesinna.


[endre] Tekstar tilgjengelege på Internett

[endre] Essay og utdrag

[endre] Intervju

[endre] Bibliografi

The most complete bibliography available online can be found at this site. The compilation, copyrighted by Peter Krapp, is still in progress, but all major works are listed, sorted by title or by year of publication.

[endre] Utvalde verk av Derrida

(sjå Jacques Derrida-bibliografi)

[endre] Verk om Derrida

*referenced above -->

[endre] Verk av andre som det blir vist til ovanfor

  • Heidegger, Martin: Being and Time
  • «Only a God Can Save Us» (Der Spiegel interview), in Philosophical and Political Writings, Martin Heidegger, ed. Manfred Stassen

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Eksterne lenkjer

Personlege verktøy