Martin Heidegger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Heidegger

Fødd26. september 1889
Meßkirch
Død26. mai 1976
Freiburg im Breisgau
NasjonalitetWeimarrepublikken, Det tyske riket, Vest-Tyskland
Områdefilosofi
Yrkefilosof, lyrikar, universitetslærar
InstitusjonarPhilipps-Universität Marburg
Albert-Ludwigs-Universität
Albert-Ludwigs-Universität
Alma materAlbert-Ludwigs-Universität
Albert-Ludwigs-Universität
DoktorgradsrettleiarHeinrich Rickert
EktefelleElfride Heidegger
BarnHermann Heidegger
MedlemHeidelberger Akademie der Wissenschaften
Bayerische Akademie der Schönen Künste

Martin Heidegger (12. september 188926. mai 1976) var ein tysk filosof som blei fødd i Meßkirch og døydde Freiburg.[1] Han reknast som ein av dei viktigaste og mest originale tenkjarane på 1900-talet,[2] blant anna gjennom den sterke påverknaden han hadde på Jean-Paul Sartre og utviklinga av eksistensialismen.

Forfattaren av Sein und Zeit: Eit radikalt spørsmål[endre | endre wikiteksten]

Heidegger var inspirert av Edmund Husserl, og utvikla sin eigen variant av fenomenologi med utgangspunkt i spørsmålet «Kva vil det seie å vere». Etter Heidegger si meining blir verbet «å vere» brukt på ein innforstått måte som det ikkje er grunnlag for. Han meiner òg at filosofien har gløymt sine opphavlege problemstillingar sidan Aristoteles, Platon, Sokrates og førsokratane. Heidegger set seg derfor føre å utleggje premissane for å stille spørsmålet om tilværet på nytt i Sein und Zeit frå 1927. Han argumenterer for at tilværet må undersøkjast gjennom noko som er, og for at det mest nærliggjande verande å undersøkje, er det som er til stades i verda og stiller spørsmålet. Han kallar det Dasein, noko som grovt sett svarer til mennesket sjølv.

Verket har blitt utlagt som ein antropologi av til dømes Guttorm Fløistad i Heidegger. En innføring i hans filosofi (Pax 1968). Fløistad peikar der på at han ikkje oppfattar det som at Sein und Zeit er meint som ein antropologi i utgangspunktet, men at verket likevel kan tolkast sånn.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Store norske leksikon på nett om Heidegger
  2. Internet Encyclopedia of Philosophy om Heidegger
  3. Guttorm Fløistad: Heidegger. En innføring i hans filosofi (Pax Forlag, Oslo 1993), s. 28-31

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Heideggers testamente (2020) Dreyers forlag, redigert av Hein Berdinesen og Lars Petter Storm Torjussen