Jacques Ibert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques Ibert

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. august 1890
Paris
Død

5. februar 1962 (71 år)
Paris

Yrke dirigent, komponist, musikkforskar, filmmusikkomponist
Språk fransk
Medlem av Académie des beaux-arts
Nettstad http://www.jacquesibert.fr
Jacques Ibert på Commons
Jacques Ibert ved pianoet i 1938.

Jacques Ibert (15. august 18905. februar 1962), fullt namn Jacques-François-Antoine Ibert, var ein fransk komponist som kan knytast til nyklassisismen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jacques Ibert var fødd og døydde i Paris. Han studerte musikk ved konservatoriet i Paris og i Italia. Studiane hans blei avbrotne av første verdskrigen, då han tenestegjorde som marineoffiser. I 1919 vann han Prix de Rome for kantaten «Le Poète et la fée», noko som gav han høve til å bu og arbeida i Villa Medici, det franske akademiet i Roma. Her skreiv han den populære symfoniske suiten Escales (1922). I 1937 blei Ibert utnemnd til direktør for Det franske akademiet i Roma, ei stilling han hadde fram til 1960. Under andre verdskrigen blei musikken hans bannlyst av Vichy-regimet, og han måtte etterkvart reisa i eksil til Sveits.

I 1955 blei Ibert utnemnd til styrar for Réunion des Théâtres Lyriques Nationaux, som var ansvarleg både for Opeaen i Paris og Opéra-Comique. Helsa gjorde at han måtte trekka seg frå stillinga etter mindre enn eit år. Kort tid etter blei han vald inn til Académie des Beaux-Arts. Han døydde i Paris.

Verk[endre | endre wikiteksten]

II. Andantion frå Cinq pieces en trio.

Ibert komponerte musikk fram til rundt 1960. Han skreiv musikk innan dei fleste sjangrar: Orkesterverk, opera, kammermusikk, klavermusikk, songar, kormusikk og filmmusikk. Populære verk var den symfoniske suiten Escales (1922), operaen Angélique (1926) og kammerorkesterverket Divertissement (1930).

Av andre komposisjonar kan nemnast Le Roi d'Yvetot (1928), L'Aiglon Cardinal (1937, med Arthur Honegger), La Ballade de la geôle de Reading (1921, eit symfonisk dikt etter Oscar Wilde, som ballett i 1947), Escales (1922, ballettutgåve i 1948), konsert for fløyte og orkester (1934), Concertino da camera for altsaksofon og 11 instrument (1934), Symphonie concertante for obo og strykere (1951) og ein strykekvartett frå 1942.

Jacques Ibert sin musikk er blitt skildra som vital og vittig, med sterkare lyriske drag i seinare verk. Han var ein dyktig instrumentator og er kjend for sine fargerike orkesterverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Jacques Ibert», Encyclopædia Britannica, britannica.com. Vitja 21. november.
  • Jacques Ibert (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 21. november 2013.