Jakob Gavlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakob Gavlen
Fødd9. november 1886
Død28. oktober 1973 (86 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Jakob Karstein Olsen Gavlen (9. november 1886 28. oktober 1973) var ein norsk skreddar og kjøpmann frå Bjørnskinn i Nordland som var stortingsmann 1928-30 for Arbeidarpartiet og heimfylket.

Gavlen var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han i skreddarlære på Langenes frå 1901. Frå 1906 dreiv han eiga skreddarforretning i Skjoldehavn i Bjørnskinn, i 1914 flytta han verksemda til Sigerfjord i Sortland herad. I yngre år arbeidde han på skreddarverkstader i Trondheim, så vel som i Oslo. Gavlen fekk handverkarstipend i 1912, og stipend til studiereiser i Sverige og Danmark i 1919 og i 1923. Jamsides skreddarforretninga dreiv han handel i konfeksjon. Ei tid frå 1917 hadde han òg oppgåver som betjent i Tolloppsynet.

I tida 1922-28 var Gavlen med i formannskapet i Sortland. Valperioden 1928-30 representerte han Nordland og Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Protokollkomiteen. Deretter var han 1932-34 varaordførar i Sortland herad. Han var i Sortland elles til sine tider medlem i skulestyret, likningsnemnda og den kommunale husbanknemnda. Frå 1932 var han òg gjeldsmeklingsmann i Sortland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]