Jan Atle Stang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Atle Stang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1961 (63 år)
Bergen
Yrke journalist
Språk norsk

Jan Atle Stang (fødd 16. januar 1961 i Bergen) er ein norsk journalist, redaktør og næringslivsleiar oppvaksen i Stongfjorden i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

Han var ansvarleg redaktør i avisa Firdaposten i Florø frå 1996 til 2003, og frå 2003 til 2011 sjefredaktør i avisa Firda, som kjem ut i Førde.

1. februar 2012 vart Stang regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane.

Stang har fagbrev som tømrar, har studert sosialantropologi ved Universitetet i Bergen og sete som styremedlem i Norsk redaktørforening.

Jan Atle Stang er busett i Oslo, er gift og har tre born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]