Jan Bojer Vindheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Bojer Vindheim

Jan Bojer Vindheim (fødd 23. november 1945) er ein norsk skribent og politikar. Han var sentral i norsk motkultur på 1960- og 70-talet, m.a. som redaksjonsmedlem av Gateavisa og redaktør av tidsskriftet Vannbærereren.

Vindheim var mellom grunnleggjarane av Arbeidskollektivet i Hjelms gate i Oslo. I åra 1972–78 var han busett i kollektivKarlsøy i Troms.

I tidsrommet 1991–2003 og frå 2007 - til no har han vore bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Trondheim. Han har vore nasjonal talsperson for Dei Grøne i fleire vende.

Utgjevingar: [endre]

lyrikk [endre]

  • Radio lys (1970)
  • Fiskene forsvinner (1972)
  • Rav vind (1975)
  • Juvéltreet (1978)
  • Fugl Fønix (1995)

sakprosa [endre]

  • Vestens mysterier (1990; ny utgåve 2005)
  • Inn i hampen (2000)